Skiforhold — Myrkdalen
Live skiforhold i Myrkdalen — åpne heiser og løyper, snødybde, langtidsvarsel og heiskortpriser. Data hentes direkte fra Fnugg.no og oppdateres fortløpende gjennom sesongen (desember–april).
Langtidsvarsel
Kilde: fnugg.no via yr.no · Oppdatert 06:30
Siste meldinger fra anlegget
10. juli 2026
Sommer i Myrkdalen
Det er ein nydeleg i fjellet i dag og det er meldt varmt og strålande sol dei neste 10 dagane.
Minnar om at sommarheisen er open kvar dag kl.10:00 -15:00.
Servering og is og kaffi får du i kafe i Vetlebotn som er open kl.11:00 - 17:00.
Kamben Kafe og Spel er open kl.11:00 - 21:00.
På Tunet pizza er det kjempegod pizza i tillegg til a la carte meny. Tunet er open kl.13:00 - 21:00.
Velkommen til fjells
3. juli 2026
Sommerheis
Myrkdalsekspressen er open kvar dag kl.10:00-15:00 til og med 16 august.
Heisen tar deg til toppen av Ondrahaugen som er eit flott utgangspunkt for turar i fjellet. Fjellstova Vetlebotn er open kl.11:00 - 17:00 for matservering - is og kaffi og Tunet Pizza er open kl.13:00 - 21:00 frå 4 juli.
I tillegg er Salto Lobbybar og Kamben kafe og Spel opne for servering
Velkommen i Myrkdalen
27. april 2026
Siste opningsdag 26 april
Då var skisesongen offisielt over i Myrkdalen og me takkar alle våre gjester for ein fantastisk bra sesong. Me takkar for at de har vert med og laga god stemning og ein fin atmosfære. Det har aldri vert så mange skigjester i Myrkdalen som i denne sesongen. No gjenstår treningssamlinga Myrkdalsfart kommande helg.
3 juli startar sommerheisen med Myrkdalsekspressen.
Ynskjer alle ein triveleg vår og sommer og velkommen til ny skisesong i nov/des.
26. april 2026
Søndag 26 april
Sesongens siste opningsdag.
På toppen kl 06:30 er det -7 grader, lettskya og laber bris. Nede er det -3 grader og nesten vindstille. Løypene er faste på morgonen, men vil mjukna etter kvart som sola varmar. Alle heisar er opne frå kl 09:30 til kl 16:00.
Sesongavslutning med Open Klasse: Sjå programmet på ttps://www.norwaysbest.com/no/myrkdalen/arrangement/open-klasse.
Parkane er ombygd til Open Klasse, kjempespennande.
Helgatunparken er open for alle, medan i Landsbyparken og Finneparken må du ha Open Klasse pass - som ein får kjøpt i sekretariatet på Myrkdalen Hotel.
Velkomstsenteret i Myrkdalsstovo er open kl.08:00-17:00 og der sel me ferske brød frå Flåm Bakeri.
Tunet Pizza er open kl.12:00 – 18:30
Kamben Kafe og Spel open kl.10:00 – 17:00
Anbefaler å avslutte sesongen med ein tur innom kafeen i Vetlebotn for lunsj. Open kl.10:00 – 16:00.
Gratis skibuss frå Voss kl. 08:30 og 09:50, med retur kl. 16:00.
Velkomen til siste skidag i Myrkdalen denne sesongen!
25. april 2026
Lørdag 25 april
Kl 06:30 er det lettskya, -3 grader og frisk bris oppe. Nede er det 2 grader og svak vind. Flotte og faste løyper først på dagen. Vil verta slush utover dagen. Viktig å kle seg godt på grunn av kald vind. Det vil blåsa inn litt snø i enkelte løyper oppe i anlegget.
Sesongavslutning med Open Klasse: Sjå programmet på ttps://www.norwaysbest.com/no/myrkdalen/arrangement/open-klasse.
Parkane er ombygd til Open Klasse, kjempespennande.
Helgatunparken er open for alle, medan i Landsbyparken og Finneparken må du ha Open Klasse pass - som ein får kjøpt i sekretariatet på Myrkdalen Hotel
Alle heisar opne frå kl 09:30 til kl. 16:00.
I samband med Open Klasse er Landsbytrekket ekstra opent til kl.19:00.
Reduserte prisar på heiskort
Avslutningstilbod i sportsbutikken resten av sesongen. Kjempegode tilbud.
Velkomstsenteret i Myrkdalsstovo er open kl.08:00-17:00 og der sel me ferske brød frå Flåm Bakeri.
Tunet Pizza er open kl.12:00 – 22:00
Kamben Kafe og Spel open kl.10:00 – 22:00
Anbefaler ein tur innom kafe i Vetlebotn for lunsj. Open kl.10:00 – 16:00
Afterski på Pudder frå kl.15:00 og nattklubb frå kl.21:00
Gratis skibuss frå Voss kl. 08:30 og 09:50, med retur kl. 16:00.
Myrkdalen har opent kvar dag til og med 26 april, velkommen til ei knallfin avslutningshelg
Velkomen på ski i Myrkdalen!
